To krigsheltar har fått kvar sin sterke biografi
- kolofon-forlag
- 18. nov. 2022
- 2 min lesing
Forfattar Svein Linge er aktuell med biografien om nok en krigshelt: Rubin Langmo.
Som en del av eit krigshistorisk prosjekt, debuterte Svein Linge med biografien «Martin Linge. Mennesket og krigshelten» i 2019. Her får vi ein heilt ny versjon av historia om kva som førte til at Martin Linge mista livet i Måløy 27. desember 1941.

KRIGSHELTAR: Først biografien om Martin Linge, no ein ny biografi om ein krigshelt. Forfattar Svein Linge er i haust aktuell med boka Rubin Langmo. Krigshelten som forsvann» (Foto: Stig Nilsson).
Kvifor var han der?
Kort tid før Måløyraidet hadde han søkt om å få sleppe vere med på neste raid. Rosemary Reed og Martin Linge hadde planlagt bryllaup to veker etter.
– Var det hans feil at han fell, eller gjekk han i ei felle fordi britiske kommandosoldatar ikkje gjorde jobben sin? spør forfattar Svein Linge, som i boka har andre synspunkt på den offisielle historia etter raidet.
Den største
– Kvifor nok ein biografi om ein krigshelt, og kvifor nettopp Rubin Langmo?
–Fordi dette er historia om ein av våre største krigsheltar, og fordi han ikkje har fått den plassen i historiebøkene som han fortener, seier forfattar Svein Linge.
Hans bok nummer to, «Rubin Langmo. Krigshelten som forsvann», fortel historia til ein makelaus Oslo-gut, som 10 april 1940, berre 20 år gammal, melde seg på kontoret til majoren som hadde ansvaret for å registrere menn som ville kjempe mot den tyske invasjonen. Majoren nekta å fylle ut nødvendige skjema fordi Langmo ikkje hadde utført førstegongs-teneste i forsvaret.
Han ba Langmo dra heim til Oslo og gjekk frå kontoret. Langmo fylte ut skjemaet og fekk utlevert våpen og uniform …
Fire år seinare vart Langmo Kaptein i den norske hæren. Så langt forfattaren kjenner til utan noko form for militær utdanning.
– Han må ha vore litt av ein kar. Iskald, truleg, og han opererte i einaste James Bond-stil, avslører Linge. I boka fortel han spennande og dramatiske historier om korleis Rubin Langmo kjempa mot tyskarane.
Modig
Den britiske historikaren William Mackenzie har skrive historia til SOE – Special Operations Executive – sabotasje- og spionorganisasjonen der Martin Linge bygde opp og fekk ansvaret for den norske avdelinga, etter krigen kjent som Kompani Linge. Mackenzie skriv, fritt omsett:
«Rubin Langmo var ein av SOE sine beste menn. Han var verkeleg modig og eit dedikert medlem av Linge-kompaniet». Truleg var Langmo den første som vart rekruttert til kompaniet av Martin Linge i august 1940 under namnet Ruben Larsen.
Langmo flykta til England frå Ålesund 6. mai. På sabotasje- og spionoppdrag i Norge frå juni 1940 med minst sju ulike norske pass. Han var ein av dei to nordmennene som var med i det misslukka raidet mot Dieppe 19. august 1942.
Lærar og skribent
Forfattar Svein Linge, født 1947, har lærarskule og er adjunkt med engelsk og historie grunnfag. Han har vore informasjonssjef ved Det norske Teatret (1979–1986), redaktør av Storfjordnytt (1988–1992, har forfatta fleire artiklar frå krigsåra 1940–1945 på indre Sunnmøre, og ga i 2019 ut biografien om Martin Linge på Kolofon Forlag.


SJÅ OG HØYR videoreportasje med forfattaren Svein Linge i samtale med Stig Nilsson ved å følge denne lenka til Kolofon YouTube